onsdag 5. desember 2012

Litt nytt.

Etter eg hadde pussa opp soverommet og kvitta meg med nokre gamle møblar så byrja jo jakta på litt nytt. Det eg var på jakt etter var to nattbord og ein liten benk, helst med lagringsplass, og ei hylle til kjøkkenet. Eg gjekk nøye igjennom mange brosjyrar valgte Maui serien frå Jysk.
Fyrste kjøpet blei rundt juletider i fjor og det var hylla til kjøkkenet. Folk flest vil vel helst ha denne i gongen, men eg hadde behov for litt meir lagringsplass på kjøkkenet så då endte den opp der. Kjempe praktisk og grei.
Alltid greit med ekstra lagringsplass, og denne var så fin.

Litt pynt på knaggane, sidan det ikkje blir brukt til jakker.

Hjerter frå Upstairs, Cuisine hjerte frå Nille, pepperkake hjerte frå tivoli i Tyskland og bror min sitt gamle sløyd prosjekt.

I sommar så var vi innom Jysk i Polen og det viste seg at det var nokre hundrelappar å spara, så då handla eg nattborda og benken der. Foreldra mine kjører ned der kvar sommar, så det var ikkje noko problem å få frakta det heim igjen.
Ein kveld i august, etter eg hadde fått møbel pakkane heim, heiv eg på ein film og monterte dei to nattborda. Det gikk greitt, men skal sei det tok sin tid for ein amatør, hehe. Over to timar brukte eg, men så blei det jo veldig fint då, er korgene som tar tid.
Tok sin tid, men dei blei montert.

Eit nattbord til kvar ende av senga.

Godt med lagringsplass

Benken gikk det litt fortare med, hjelper å ha god musikk på medan ein jobbar.
Fiks ferdig benk med god lagringsplass.

Litt pynt må ein ha.

Hylla til venstre har god plass til å lagre laptoppen ved behov.

Det høyrer eigentleg ei pute til benken, som ein kan ha på toppen og få litt ekstra sitteplass. Utrulig greitt viss eg ein dag har mange gjester, men sånn til kvardagen så syns eg det er finast med eit løpar og litt pynt på.
Eg er fornøgd med valet og syns det er fint å endelig ha dei på plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar