torsdag 29. november 2012

Bilder frå Eiken.

Eg tok ein heil haug med bilder medan eg var på Sørlandets rehabiliteringssenter på Eiken. Har gått igjennom dei og valgt ut ein liten smakebit for å gi eit inntrykk om korleis det er der oppe.
Du kan trykke på bilda for å få ein litt større versjon.
Byrjar med nokre bilder av rommet.





Romma var enkle, men eg hadde det veldig fint der. Det var ein veldig grei plass å trekke seg tilbake for å slappa av litt, og så var eg veldig glad for å ha utsikt over innsjøen.

Naturen:
Den fyrste veka så kom det litt snø, koselig med ein liten smakebit på vinteren. Resten av tida var det helst regn, men vi hadde nokre fine dagar innimellom. Ein dag vi hadde litt okay vær tok eg med meg kameraet ut og tok litt bilder i området rundt rehabiliteringssenteret.












Hekkfjell:
Eine dagen kunne folk velge om dei ville være med på ein liten utflukt til Hekkfjell, det er eit fjell ikkje så langt ifrå rehabiliteringssenteret. Eg og to andre frå gruppa mi valgte å bli med på det, måtte jo så klart ta med foto apparatet.








Sånn ser det altså ut på Eiken og Hekkfjell, mange flotte foto motiv, absolutt verdt å ha med seg kameraet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar