tirsdag 27. november 2012

Dagane på Eiken.

Då var eg ferdig med 4 veker på Eiken, men eg hadde litt meir eg ville skrive om. Eg tenkte eg ville skrive litt om kva vi faktisk gjer der oppe, og kva ein har mulighet til å finne på i fritida.
Greitt å ha ei notisblokk med seg.

TIMEPLANEN
Dagane byrjar med frukost, ein vel jo sjølv om ein vil stå opp til det. Timeplanen varierer ein del, aktivitetane byrjar mellom kl. 10 og kl. 12 frå dag til dag. Etter middagen så byrjar aktiviteten mellom 14 og 15. Kl 16:00 er vi ferdige for dagen, ofte før det og. Det vekslar mellom fysisk aktivitet og teori timar. Ein vel og sjølv kva timar ein vil ta del i, men då meiner eg ikkje at du bare velger og vraker, du går jo ut frå formen den dagen og ser kva du klarer å være med på. På dei fysiske delane får du ofte styre tempoet sjølv.
I begynnelsen av kvar veke så har vi samtalar med dei som leder kurset for å finne ut av kva framgang vi har og korleis vi føler det går. Den eine helga hadde vi litt lekser, det ikkje noko avansert, som vi då diskuterer litt nærmare i møtet. Alt er tilrettelagt for at vi skal klare å være med på mest mulig. Du får vanligvis god tid til å kvile ut mellom kvar aktivitet.
Lapp som vi legg i ei mappe på døra viss vi vil slappe av og ikkje bli forstyrra.

Timeplan, veke 1.

Timeplan, veke 2.

Timeplan, veke 3.

Timeplan, veke 4.


ANDRE AKTIVITETAR
På kveldane så er det av og til aktivitetar for alle på huset. Avspenning er noko dei har nesten kvar dag i løpet av vekedagane, då skal du ligge komfortabelt og høyre på ein cd som får deg til å slappe av. Det kan hjelpe deg med å lande etter ein lang dag.
Onsdagar er det 2 omgangar med bingo, det kostar 25kr per omgang, per brett. Det er jo ganske koselig, eg var med tre kveldar og den eine kvelden vann eg faktisk ein veldig god hudkrem. Premiane varierer litt frå klutar til lykter, til krem til bamsar, mykje kjekt. Etter bingoen blir det servert kake i stova.
Bingobrett og premien min.

Viss ein får samla tre stykker så kan ein gå i bassenget på ettermiddagen og kvelden. Det må være tre personar av sikkerhetsmessige årsaker, men det burde ikkje være eit problem å finne nokon som vil bli med på det. Bassenget er oppvarma, så viss ein liker seg i vatnet er det ein god måte å trene litt på eller bare ligge og slappa av.
Det er ikkje TV på romma, men det er to TV-stover. Ein for NRK og ein for TV2. Du kan jo sjå på andre kanalar og, men kjem det nokon inn som vil sjå på den kanalen rommet er meint for så må det tilbake til den kanalen.
Ellers så kan ein jo finne litt brettspel i dagligstova, og det er visst ein kafé i nabobygget viss ein vil komme seg ut litt. Det er og ein del turløyper rundt huset viss ein har behov for å lufte hovudet litt. Eg anbefaler å ta med foto apparat for det er mange nydelige fotomotiv der.
Kart over turløyper i området.

Utsikten frå vinduet mitt.

Føler eg har dekka det viktigaste i desse innlegga, men eg svarer jo på spørsmål om det skulle være nokon.
Framsida av rehabiliteringssenteret.

Baksida av rehabiliteringssenteret.
Eg er veldig fornøyd med oppholdet. Vi 6 som var igjen ved slutten av oppholdet kom godt overens og vi fekk utveksla ein del erfaringar. Det er godt å kunne få snakka ut med folk som skjønner korleis ein faktisk har det. Eg anbefaler alle som har M.E. og føler dei kan klare dette å søka, om bare for å kunne få kontakt med folk i samme situasjon. Vi lærte mykje nyttig, og eg håper på å få fletta mest mulig av det vi har lært inn i kvardagen her heime. På slutten fekk vi beskjed om å la alt synke inn og slappa av skikkelig ei stund før vi går tilbake til det vi har lært og begynner å jobbe med det. Eg har tatt det ganske med ro sidan eg kom heim på fredag ettermiddag, føler endelig at eg begynner å komme litt til rette igjen.

2 kommentarer:

  1. eg trur eg hadde spelt bingo kvar kveld... knis... :) komme du på vissit snart?? klems...

    SvarSlett
    Svar
    1. Var bare Bingo på onsdagar, så fekk spelt 3 av 4, den eine kvelden var eg alt for slapp. Hadde så lyst å vinne nokre fine lykter som dei hadde i premie, men hudkremen var veldig god den og. :)
      Ja, har kjempelyst å komme opp ein tur snart. Må sjå litt kva helsa, tid og vær tillater i nermaste framtid. :)

      Slett