onsdag 7. november 2012

Livet på Eiken

No er det andre veka mi her på Eiken og eg sitter med mange tankar om opphaldet så langt. Føler eg kanskje må få litt meir orden på tankane før eg skriver så mykje om det, men ville jo byrja å skrive litt.
Perm der vi har all kurs informasjon og kan ha notatar.

LITT GENERELLT.
Opphaldet varer 4 veker. På eine sida syns eg dei kanskje kunne klart å få programmet ned til 3 veker, men på andre sida så er det greitt å ha så lite dei dagane eg sliter, og det reknar eg med resten av gruppa føler og. Det er jo det som kanskje har overraska meg mest her så langt, kor mykje dei få aktivitetane vi har her oppe har krevd av meg. Eg er veldig glad for at vi har gode pausar mellom kvar aktivitet, for av og til så har eg verkeleg hatt behov for å kunne legge meg nedpå ein time og sove, eller bare slappe av med å surfe nettet. Heldigvis er eg jo ikkje blant dei som føler behov for å sove i kvar pause, veit nå egentlig ikkje om nokon på gruppa er så dårlige at dei gjer det, men eg er glad pausane er der.
På måndag så fekk vi vete at det var to personar i gruppa som ikkje klarte å henge med lengre, det blei rett og slett for mykje for dei, så no er vi åtte. Sidan dei reiste heim no så har dei jo mulighet til å komme tilbake på ein gong seinare når dei føler seg litt betre, men akkurat no var det for tøft for dei. Dette er jo eit eingongs opphald, så når eg er ferdig med desse 4 vekene, så er eg ferdig og har ikkje mulighet for å ta opphaldet ein gong til. Det var trist å miste dei to, men her er det viktig å tenke på kva ein faktisk klarer å være med på. Begge to virka fornøyde med valet dei hadde tatt.
Håper ikkje dette skremmer nokon vekk frå å søke, eg syns at dette er absolutt verdt å satse på, men ein må være i såpass form at ein klarer å stelle seg sjølv, og så kan det bli litt støy i matsalen så det er jo greitt om ein taklar det og. Kjenner sjølv at det kan bli litt mykje av og til, men eg klarer det, det er bare å ha litt stille tid på rommet sitt etterpå så går det greitt for min del. Aktivitetane velger ein jo sjølv om ein blir med på, men dei ser jo helst at folk dukker opp i teori timane og prøver å få med seg dei fysiske timane om dei klarar det.
Utsikten frå viduet mitt.

STABEN.
Vi blir tatt veldig godt vare på her. Er det noko du føler du manglar eller om du bare har spørsmål, så er betjeninga her veldig flinke med å hjelpe til. Det er kanskje ikkje alt dei kan gjere noko med, men dei prøver. F.eks. så var det ei på gruppa som ikkje fekk internett tilgang frå rommet sitt, og ho blei flytta til nytt rom i løpet av helga, det er jo ikkje sikkert at det alltid går, men kan dei, så hjelper dei. Det er heller ikkje problem med å få ekstra dyne eller teppe inn på rommet viss ein har behov for det. Er du for trøtt til å gå ned i matsalen for å ete så kan du be om å få mat opp på rommet. Alt er tilrettelagt for at vi med ME skal kunne bevare den energien vi har.

Det må bli det for denne gongen, vil prøve å skrive litt meir seinare ein dag, men eg kan ikkje sei heilt sikkert korti det blir. Lover eit innlegg om maten her og litt om tilbudet på fritida. Kan ikkje love at alt blir like systematisk, men skriver etter kvart som eg kjem på noko eg vil dele med dåke. Det er jo og lov til å spørre spørsmål så skal eg svare så godt eg kan. :)

2 kommentarer:

  1. Kjekt at du trives der... :) e jo uansett bare 4 veker. :)
    Kjekt å få oppdateringa om korleis det går. :)

    Miss u...

    Klems fra Diana.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er jo egentlig veldig greit her. Koselig folk og fin natur. :) Skal prøve å skrive meir, men har vert mykje trøtt den siste tida.

      Miss u too.
      Klem.

      Slett