mandag 19. november 2012

Food, Glorious Food!

I dag byrja eg på den fjerde og siste veka mi på Eiken. Sidan sist eg skreiv noko så har dessverre to til frå gruppa måtte trekka seg, så no er vi 6 stykk igjen. Det er visst unormalt at så mange faller ifrå, vi er nok fyrste gruppa som har mista 4. Her lærer vi jo om å bevare den energien vi har og det beste for noko vil jo kanskje då være å avslutte tidlig å reise heim igjen.

MAT 
Det er god og variert mat her. Før opphaldet så måtte vi fylle ut eit skjema og der vi skrvive litt om matvanane våre, kva vi tåler og ikkje tåler. Etter frukosten den andre dagen så kom ei av dei som jobba på kjøkkenet ut og sjekka matvanane våre. dei tar hensyn til allergi og vegetar mat, og til og med meg som er veldig kresen. Det er mykje eg ikkje likar, men sauekjøtt og kokte grønsaker er blant det verste eg kan få, og det skal eg sleppe og få her, så til middagane så får eg råkost eller salat. Eg har og utvikla allergi mot meloner, så den eine dagen vi hadde det som dessert så kom det ei frå kjøkkenet ut med ei skål druer til meg. Veldig greitt.
Viss ein ser på middagsmenyen for veka og finn ut at det er noko ein absolutt ikkje kan ha, så er det bare å ta kontakt med kjøkkenpersonalet og gi beskjed, i god tid då så klart. Eg syns det er utrulig bra, dei ser jo på det som viktig at vi får i oss nok mat om dagen.

Dei faste mat tidene er:
Frukost 8-9, men kan sitte til 9:30 ved behov.
Middag 13:00, tidlig middag med det gir krefter for resten av dagen.
Kveldsmat 17:30
Info får ein i permen på rommet.

I tillegg så kan du pakke med deg litt mat frå måltida til å ha seinare. Det blir og lagt ut ei skål med frukt, og litt müsli og nøtter i dagligrommet kl. 10 som står der utover dagen. Kl. 20:00 så blir det og lagt ut suppe pulver til å ha i kopp og evt. litt grønsaker. Ein går absolutt ikkje svolten her. Det er og tilgang på kaffi og tevatn (og teposar så klart) heile dagen. Vil du bruke litt pengar så er det butikkar i nærheten, ein vareautomat i kjellaren med litt digg i, det er og nokre valgalternativ på kaffi maskinen i dagligstova viss ein vil ha noko meir avansert. Her lider ein absolutt ingen nød når det kjem til mat.

Det går an å få middag på rommet viss ein skulle føle seg ekstra dårlig ein dag.

Eple suppa.

Nydelig blåbær suppa.

Menyane for dei vekene eg har vore her.

Hadde verkeleg trudd eg skulle fått skrevet så mykje meir medan eg var her oppe, men det blir nok litt pausar mellom kvar gong. Kanskje det vil ta litt tid før eg kjem til hektene etter eg kjem heim og, så då veit dåke det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar