torsdag 13. desember 2012

Bake bake kake.

Det går mykje i baking no før jul, så eg ville skrive litt om det eg har på kjøkkenet som hjelper litt med prosessen.

Det fyrste er at eg ofte sparer på glas med lokk, om det er gamle pastasaus eller tacosaus glas. Når dei er tomme så slenger eg dei bare i oppvaskmaskina, så vips kan dei brukast til oppbevaring. Taco glasa kan være godt å vaske to gonger for lukta frå sausen kan henge litt godt i. Eg bruker dei mykje til krydder, men no når julebaksten krever så mykje hakka nøtter så er det så greitt og bare hakke ein heil haug med nøtter som eg då har på glas fram til eg trenger det.

For dei med lite kjøkken så er det topp med litt ekstra plass for varme steikebrett når ein bakar. Dette steikebrett stativet er bare heilt genial! Alle steikebretta kan plasserast på ein plass og dei står sånn at brettet og baksten får kjølt seg litt fortare. Heilt topp! Kjøpte denne på Chlas Ohlson jula etter eg flytta for meg sjølv og den kommer alltid godt med når eg bakar.

Sist men ikkje minst kjem dei fine kakeboksane mine. Eg kjøpte dei på Nille i fjor, syns det var så fint med det gamle nisse motivet som er på dei. Må jo ha skikkelig juleboks for julebaksten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar