onsdag 12. desember 2012

Brune pinnar.

Det nermar seg jul, og eg er godt igang  med baking og pynting, så vær klare for ein del jule innlegg framover. I dag ville eg dele oppskrifta på Brune pinnar, dette var noko eg fann i fjor og dei blei ein stor suksess.

200g smør.
200g sukker.
1 eggeplomme.
1ss lys sirup.
1/2ts kanel.
1ts vaniljesukker.
1ts natron.
300g kveitemjøl.

Til pynt: Egg, perlesukker og hakka mandlar.
Sjølv om det står egg, så går det fint an å bare bruke eggekvita som er igjen etter egget du brukte tidligare.

Rør smør og sukker godt saman.

Bland i resten av ingrediensane.

Elt deigen og del den i 6 delar. Trill pølser og trykk dei litt flate på steikebrettet. Pensl med egg, og dryss mandlar og sukker på. Steik kakene midt i ovnen på 175 grader C i ca 10 minutt.

Skjær kakene på skrå, så det blir smale kaker, medan dei fortsatt er varme.

No lot eg pølsene være litt for store når eg hadde dei i ovnen, det er nok lurast å ha dei fordelt på to steikebrett og heller rulle litt tynnare. Eg hadde god avstand når eg hadde dei i ovnen, men som du ser så vokser dei litt. Hehe.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar