torsdag 27. desember 2012

Mi jul.

Håpar alle har hatt ei skikkelig fin julefeiring med nære og kjære. Eg flytta inn hos foreldra mine for å feire jula, alltid veldig koselig. Vesle julafta så var det heilt forferdelig vær her nede på sørlandet så vi holdt oss for det meste inne, det var varsel  om at folk helst ikkje skulle gå ut. Heldigvis så roa det seg i løpat av natta så på formiddagen på julafta, så tok eg turen ut og lufta hovudet litt og fekk tatt nokre bilder.
Snøen festa seg godt oppover veggane.

Viser kanskje litt av snømengdene.

Mange av bilane måtte bare bli ståande langs veien.

Om kvelden samla vi oss rundt bordet for jula middagen. Pinnakjøtt, kan ikkje ha noko anna når ein er vestlending.
Nydelig pinnakjøtt.

Etter maten så fann vi roen ved julatreet og opna gåver. Vi fekk alle mykje fint, og eg fekk mange kjekke ting til å ha i leiligheta.
Julatreet.
Til å hakke mat med.

Sorterings korger frå Ikea og litt kjekt dill.

Fotoramme, tavla og gavekort.

Nydelig pynt som dattera til venninna mi laga spesielt til meg. :-)

Ein boks, hatteboks? Syns den er kjempefin.

Fin løpar. Den kjem i bruk til våren.

Eg fekk ein del andre fin ting og. Ein kan absolutt ikkje klaga når ein har det så godt i jula. Eg er fortsatt hos foreldra min, og det ser nesten ut som om eg blir her til over nyttår, har det jo så fint her. Vi slappar av, eter god mat og får med oss juleunderholdninga på TV, inkludert julespesialen av Downton Abbey i går.

I dag sitter eg hundevakt for ein liten hund som heiter Ares. Det er egentlig foreldra mine som passar han no i jula, men dei skulle ut på middag hos venner så då trår eg inn som hundepassar. Roligare hund skal ein leite lenge etter.

Ares
Då ønsker Ares og eg dåke alle ei fortsatt god jul!

2 kommentarer:

  1. så skjønn den pynten som var laga til deg var! :)

    koselig m jul hos mamsen å papsen ja... :)

    Ha ei fortsatt fin romjulstid... :)

    stor klem fra Diana.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, syns den var kjempefin. Ikkje dårlig for ein 3 åring. :)
      Har det jo alltid trivelig her, kan bare slappa av og ta det med ro.
      Takk for det, dåke og! Så håpar eg vi sees snart.
      Stor klem.

      Slett