søndag 23. desember 2012

Julatradisjon: Pepperkakehus.

Så lenge eg kan huska så har vi bygd pepperkakehus til jul. Vi handlar pepperkakehus i butikken, og det blir bygd og pynta på vesla julafto. Det har vert litt varierande resultat i løpet av åra, men det er ein koselig tradisjon. Ville dele litt av resultata frå tidlegare år.


Det gikk greit veldig lenge, men så kom ein periode med store fadeser. Reine krigssonen til tider.


Bjørkens pepperkakehus er ikkje heilt til å stole på, men det er som oftast det vi ender opp med. I fjor gikk det og veldig gale. Mange av bitane var knuste i pakken, så eg kom ikkje så veldig langt med det.

Heldigvis så hadde venninna mi gitt meg eit sett frå Ikea og det var mykje betre, så i fjor fekk vi eit skikkelig pepperkakehus.

I år har vi og handla Bjørkens pepperkakehus. Må innrømme eg var ganske skeptisk til at det skulle bli bra, men bitane var heile og det blei faktisk eit hus til slutt.

Det måtte jo litt pynt på huset og.


Så då er pepperkakehuset på plass, og vi er eit stort skritt nermare jula her hos oss. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar