mandag 10. desember 2012

Nytt kjøkken!

Det har skjedd litt forandring på kjøkkenet mitt medan eg var i Hamburg og på Eiken.
Bilde frå prospektet.

Bilde frå prospektet.

Veggen var litt mørkare enn det ser ut på bildet. I fjor sommar malte eg bordet og stolen, så det gikk frå ein mørk grå-lilla til lyseblå. Følte det hjalp litt med å gjere det meir trivelig der inne.
Stolen underveis i maleprosessen.

Ferdig malt stol.

Beste før bildet eg hadde av kjøkkenet med blått bord.
Litt rotete, menmen. ;)
Det var på tide med ein ny forandring no i haust. Eg har alltid følt at kjøkkenkroken var litt mørk til tross for dei kvite skapa, så når det kom tid for å velge ny tapet på veggen, så ville eg ha noko med litt liv i.
Eg har lenge vert besatt av skogstemaet dei har på veggane i TV-serien Once Upon a Time, og mest av alt den tapeten Regina har på kontoret sitt.
Kontoret til Regina i Once Upon a Time.
Då vi var i Polen i sommar så gikk eg på jakt etter tapet. Eg hadde jo skogstapeten litt i bakhovudet når eg var jakt, men hadde jo aldri trudd eg faktisk skulle finne noko som skulle fylle det ønsket, men det gjorde eg faktisk! Stor glede. Medan eg var i Hamburg så malte far min taket og fekk opp tapeten, det tok litt tid å bli vane med, men eg er utrulig fornøyd med resultatet.
Skog inne.

Medan eg var på Eiken så la far min nytt golv på kjøkkenet, og så malte han stolen og kjøkkenbordet til ein fin kvit farge.
Nymalt bord og nytt golv.

Nymalt stol.

Eg er veldig fornøyd med korleis det ser ut. Mykje lysare og trivligare, skal bli ein fryd å jobba med julebaksten der inne no. :)
Ting er kommet på plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar