mandag 1. oktober 2012

Apotekerdisken.

Når eg endelig flytta for meg sjølv, for omtrent to år sidan, måtte eg kvitte meg med ein god del møblar. Det meste av det som blei med på flyttelasset blei bytta ut i løpet av det fyrste året mitt her. Eg var blitt ganske lei trekvitt så eg var glad for litt forandring.
Det einaste trekvite møbelet eg nekta å kvitte meg med var ein apotekerdisk eg alltid har likt og som eg følte passa behova mine.
Einaste "før" bildet eg kunne finne.
Elsker alle småskuffene på øverste rad, det gjer det så mykje enklare å holde orden på ting.
Sidan apotekerdisken ikkje passa inn med dei nye møblane så bestemte eg meg i fjor høst for å male den. Flytta den og vekk frå vindauget til veggen som hadde blitt ledig, det var ein mykje betre plass for den.
P.g.a. sjukdommen så gikk det sakte for seg i starten, men eg var fast bestemt på å få det ferdig. Eg byrja med å ha på to strøk med kvist lakk.
Forsiktig start.
Kom på det kanskje var ein god ide å fjerne håndtaka medan eg mala.
Fyrste strøk med kvist lakk ferdig.
Det andre strøket fekk eg tatt på ein ganske god dag. Då slo eg bare musikken på for full guffe og malte. Var ganske sleten dagen etter, men når eg såg kor fint det var blitt så langt var eg stolt over innsatsen.
Andre strøk.
Og så for prikken over i'en. Venninna mi, Livi, hadde redda eit speil som venninna hennar hadde tenkt å kaste. Livi fann ikkje noko bruk for det heime hos seg, så eg tok med glede imot det og fekk hengt det over disken.
Tenk at dette nydelige speilet kunne endt opp på søpla!
Med speilet på plass over disken og to strøk på plass syns eg allereie at det såg nydelig ut.
Sånn såg det ut etter min innsats var ferdig.
Det siste strøket med maling tok far min seg av medan eg var i England ein tur. Det var høyglans kvit og resultatet blei flott. Som du kanskje ser på bilda over så hadde eg heilt gløymt å male beina, men det tok far min seg og av.
Eg tok visst aldri eit bilde av det heilt ferdige resultatet, så då får dåke sjå eit bilde av korleis det ser ut i dag, nesten 1 år etter.
Slutt resultatet.
Det har skjedd mykje her det siste året, panel på veggane og nytt golv, men det får vi ta i eit anna innlegg.
Når vi hengte speilet opp igjen så valgte eg å snu det, følte det passa betre. På apotekerdisken har eg litt forskjellig pynt, og så har eg ein del fine løperar på rotering som gir ein piff av farge. Eg er isåfall veldig fornøyd med resultatet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar