TUREN NED:
I går stod vi tidlig opp og kom oss ombord i båten til Hirtshals.
Super Speed. |
Vi kom oss i land i Hirtshals og byrja kjøreturen mot Hamburg.
På vei til Tyskland. |
Vi møtte tanta og fetteren mitt eit lite stykke utanfor Hamburg, på eit rasteplass.
Bra med rasteplassar for trailer sjåførane. |
Tanta mi serverte god mat og vi blei sittande å snakke utpå kvelden. veldig godt å være framme, og det er jo alltid koselig å sjå familien igjen.
FYRSTE DAGEN I HAMBURG:
I dag har vert ein heilt nydelig dag, mykje sol, og temperaturen toppa seg på 21 grader i løpet av dagen. Det var herlig! Eg kunne bare la jakka bli liggande i bilen og nyte det fine været.
Shopping:
Vi byrja dagen med ein tur til Elbe handlesenter. Der hadde dei to av favoritt butikkane mine som eg alltid besøker når vi er i Polen: New Yorker og Deichmann, så eg var veldig glad når eg såg dei var her og. Deichmann er jo tysk, så det hadde eg rekna med, men New Yorker var eit kjekt bonus. Med andre ord så blei det litt shopping.
Hadde blitt veldig glad om dei åpna butikk i Kristiansand. |
Fin topp, fargen er litt meir raud enn på bildet. |
Gode høst/vinter sko til å gå tur i. |
Fine hanskar uten fingra, praktisk. |
Som alltid når eg er på shopping med tante og mor mi så må vi jo ha ein kaffi pause.
Varm sjokolade og sjokolade kaka. Nam! |
Middag:
Då vi var ferdige med shoppinga så kjørte vi ned til ein restaurant ved elva. Det var i eit gammalt bygg som no er verna. Dei hadde koselig atmosfere og god mat, og eg er jo alltid glad når eg er nerme sjøen.
Fisk med steikte poteter og senneps saus. |
Steik med poteter, kantareller og saus. |
Ein heilt nydelig dag. |
Botanisk Hage:
Etter vi hadde slappa av nede ved elva, og eg hadde fått lada meg litt opp igjen, så heiv vi oss i bilen og kjørte til ein botanisk hage. Det var mykje fint å sjå der, og mange nydelige haust fargar. Eg endte opp med å ta 170 bilder, her har dåke ein liten smakebit.
Pynt:
Om kvelden fann vi roen heime hos tante og det var det absolutt behov for. Eg har egentlig stille og rolig sortert bilder til dette innlegget utover kvelden. Det siste eg vil dele med dåke i kveld er høst pynten som tanta mi har i leiligheta si, eg syns det var litt kjekt å sjå at ho hadde litt av høsten inne og.
Denne har ho på døra. |
Må jo ha gresskar i oktober. |
Bak ligg det ei lyslenke pynta med høst blad. |
Litt bark og hassenøtter saman med lys og figurar. Fint. |
Ser ut så dåke kose Dåke på tur. Snellene! Hils ho mor!
SvarSlettMissunneli på premien din... D må du blogga om!
Ja, veldig kjekt. Og så heldige med været som vi er her nede.
SlettHo hilser tilbake. :-)
Skal absolutt blogga om den når eg kjeme heim igjen og får åpna pakken, må jo ha bilder med.