søndag 28. oktober 2012

Ein hyggelig overraskelse.

I midten av oktober meldte eg meg på ein giveaway på bloggen Fridas Lille Hjem. Der kunne ein vinne to lykter frå Tine K og eit putetrekk i lin frå Princess. Eg hadde eigentleg gløymt heilt vekk at eg hadde meldt meg på, men plutselig fekk eg ein mail om at eg hadde vunne. Skal sei eg blei glad, det er jo alltid gøy å vinne sånne ting.
Då eg kom heim frå Hamburg låg pakken og venta på meg, og det tok ikkje så lang tid før alt fekk sin plass i leiligheta mi.
Fine telys holderar.
Dei har fått plass på benken min.

Putetrekk i natur/ beige.

Pute i trekket, kjempe fin!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar