onsdag 10. oktober 2012

Ein liten handle tur.

I går var mor mi og eg ein tur på Sørlandssenteret og kikka litt. Vi måtte jo ta turen innom Åhlens, Upstairs og Nille å sjå kva nytt dei hadde. Det er mykje Halloween ting i butikkane no, og det er så vidt byrja å komme inn jule pynt og. Syns det er litt tidlig med jul i butikkane, dei burde vente til tidligast november, men det er ikkje noko å gjere med det. Det var mykje i butikkane eg kunne tenkt meg, men akkurat no sparer eg litt pengar sidan eg reiser ein tur til Hamburg neste veke.
Når vi var inne på Nille så var det ein ting eg ikkje klarte å gå ifrå. Ei nydelig skål som det står Home på, og så kosta den bare 50kr.




Eg var veldig fornøyd med det kjøpet. Dei hadde koppar og litt anna og i samme serien, og nokre andre fine skåler så det er vel verdt å ta turen innom Nille for tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar