mandag 8. oktober 2012

Soverommet.

Eg hadde knapt budd i nye leiligheta mi to måneder før fyrste oppussings prosjekt byrja. Det blei soverommet. Desverre kjem det ikkje fram på prospekt bilda, men før var det ein ganske fæl grønn farge på veggane og det var ikkje tvil om at det var noko som måtte forandrast på. Dei små skapa som fulgte meg gav ikkje noko særlig lagringsplass heller, så eg var bare glad for å få "litt" forandring der inne.
Bilde frå prospektet.
Bilde frå prospektet.

Den originale planen var å finne noko enkel tapet og bare male over, men etterkvart så endte det opp med panel plater. Huntonit heiter det visst.
Tapeten revet ned og veggen er klar for plater.
I alle år har eg drømt om å ha blått soverom, og no når det endelig var mulighet for det så slo eg til. Etter eg hadde studert alle blå nyansane Sogndalen Bygg & Farge hadde å tilby så endte eg opp med å velge kornblå, nydelig farge, ikkje for lyst og ikkje for mørkt, det blei flott.
Nye golv måtte og til, det blei Floorline kirsebær, følte det ville gi ein varm og lun følelse i rommet.
Kornblå maling og kirsebær golv.
Platene på plass.
Fine blåfargen.
Det var far min som gjorde alt arbeidet. Medan han jobba så flytta eg inn hos foreldra mine for det var ikkje mulighet for meg å sove nokon plass i leiligheta. Stova var full av soveroms møblar og verktøy.
Det var ikkje så mykje plass til meg på sofaen.
Når platene var på plass og ferdig malte så skulle nytt golv og taklister på plass.
Gamle golvet til venstre, og det nye til høgre.
Ferdig malt vegg, og lister rundt vindu på plass.
Litt kaotisk.
Ny dør.
Golv ferdig og lister på plass.
Der var tak listene kommet opp.
Eg er visst ikkje så flink å ta bilder når prosjekt er ferdig, så her er eit par bilder av korleis det ser ut i desse dager.
Ny taklampe og nattbord.
Fine gardiner frå Kid.
Garderobe som går langs heile veggen. Dørene er kjøpt på Ikea.
Sånn har altså eg det på soverommet. Eg syns det er trivelig der inne og ikkje minst så er eg svært glad i dei blå veggane, det er eit avslappande rom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar