lørdag 27. oktober 2012

Heime igjen.

Eg er heime igjen no, men ville jo skrive litt om resten av turen min, og vise fram kor nokre av pyntetinga har endt opp.

Dag 6
Vi hadde ein veldig rolig dag, mor mi og eg spaserte til eit lite kjøpesenter nær der tante bur og handla litt. For min del blei det mest snop, men eg fann nokre fine ting og.
Raud genser

Ny klokke til kjøkkenet, frå Jysk

Kvelden gikk i å pakka, men det gikk heldigvis fort og greitt.
Var litt ting å få med seg heim.


Heimreisa.
Båten frå Hirtshals gjekk ikkje før 20:45, så vi hadde god tid om morgonen og slapp å stresse. Vi fekk pakka i bilen utan nokon problem, og byrja å kjøre rett før 11.
Skiftande vær heile veien.
Måtte ha ein pause i kjøringa.

Fuglane er på vei sør.

Det blei nokre pausar underveis, men likevel var vi framme ved kaien i Hirtshals ca 17:30.
Stor K for Kristiansand, i tilfelle nokon var i tvil.
Nydelige fargar i solnedgangen.

Vente tida gikk greitt, men vinden uroa oss litt, spesielt med tanke på turen vi hadde på vei ned.
Endelig kom båten.

Heldigvis gikk overfarten greitt, kan absolutt ikkje klaga på det. Sidan vi hadde vert fyrst på kaia i Hirtshals var vi blant dei fyrste bilane som kom i land i Kristiansand. Eg var heime ein knapp halvtime etter vi hadde kjørt av båten. Passe trøtt, men glad og fornøgd med turen.

Pynt.
Har allereie fått på plass nokre av tinga eg kjøpte i Tyskland. Pynta litt til hausten, syns det har blitt fint og lunt her inne i leiligheta.

Fyrst er jo bildet eg nemnte i forrige innlegg. Har vert på jakt etter eit fint bilde frå San Francisco ganske lenge, elskar den byen, så når eg fann dette til ein billig penge i Tyskland så måtte eg bare slå til.
Golden Gate Bridge
Bildet fekk plass over sofaen.

Resten har eg jo tatt bilde av før, men no er det komme på plass i leiligheta mi.
Haust pynt på ytterdøra.

Klokka i skogen.

Litt haust pynt på sjenken.

Lykta frå mor mi, saman med halloween og haust pynt på benken.

Det var det for denne gong. Hadde det veldig fint nede i Hamburg og det gode været gjorde meg godt.
Gave frå tanta mi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar