Ein av favoritt butikkane mine på Vågsbygd senter er Black Design. Eg må alltid innom der å kikke når eg er på senteret. Desverre er det ikkje så ofte eg handlar der, for som dei fleste interiør butikkar er det litt dyrt. Heldigvis er dei flinke og har slag og tilbud med jamne mellomrom så då slår eg til.
I begynnelsen av august så hadde dei ope ein kveld for medlemmar av Facebook sida deira. Dei hadde opp til 70% avslag på fleire varer, og det ville eg jo ikkje gå glipp av. Eg endte opp med tre. fine løperar og ei lykt for rett under hundre lappen. Lykta var den siste dei hadde av sitt slag, så eg var veldig fornøgd.
Eg var nede dagen etter fordi eg så gjerne ville ha ein til av dei rosa løperane, men dei var desverre utsolgt. Heldigvis fekk eg med meg den siste av den stripete løparen, så då har eg to av den.
Då eg var der snakka eg med det eg antar var butikksjefen og ho sa at dei var fornøgde med salgs kvelden så det ville dei nok gjere igjen, eg kan berre sei at eg gledar meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar