Som eg har nemnt tidlegare så er eg glad i å bake, syns det er kjekt å finne nye oppskrifter. Denne gongen vil eg dele ei oppskrift på hamburgerbrød som eg har funne online.
2dl vatn.
1,5dl mjølk
25g gjær eller 1 pk tørrgjær.
2ss olje.
1ts salt.
0,5ts sukker.
10dl kveitemjøl eller grovbakstmjøl.
- Varm vatn og mjølk til det er fingervarmt. Ha oppi gjær og bland.
- Ha oppi olja og salt, sukker og mjøl.
- Elt deigen til den er passe fast og glatt.
- Dekk til deigen og la den heve i ca 40 minutt, til ca dobbel størrelse.
- Kjevl ut deigen til den er ca 1 1/2 - 2 cm tjukk.
- Bruk ein liten tallerk eller skål og skjær ut bollene så dei er ca 10-12cm i diameter.
- Legg brøda på steikebrett med bakepapir, dekk til og la dei heve i ca 20 minutt.
- Pensl bollene med melk eller samanpiska egg, og dryss over med sesamfrø eller grovt mjøl.
- Ha i steikeovnen på nederste rille, på 225 grader i 12-15 minutter.
La dei kjøle seg ned litt før du skjærer dei i to. Så kan du jo bare ha på kva du vil av kjøtt, salat og tilbehør og nyt. Eg brukte grovbakstmjøl då eg laga mine, og det er absolutt å anbefale, mettande og godt, og litt sunnare enn om du bruker vanlig kveitemjøl. ;-)
Velbekomme!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar