lørdag 26. januar 2013

Visning #1

Eg hadde visning på leiligheta på onsdag kveld. Desverre var det ingen som kom, så eg må nok ha ny visning. Medan visninga holdt på hos meg så var eg å såg på noko nytt, der var det ingen andre, så tanken slo meg at det kanskje kunne være tomt på mi visning. Det var jo så klart veldig skuffande å komme heim til den beskjeden frå meklaren, spesielt sidan han var så overbevist om at leiligheta ville bli solgt rimelig raskt.
Etter skuffelsen hadde lagt seg litt så gikk det jo opp for meg at det er tross alt januar, ikkje den beste tida for salg av eiendom. Eg har jo heller ikkje noko hastverk med å flytta ut, egentlig så vil eg jo gjerne blir her til over påsken i det minste. Oppdraget varer jo i 6 mnd, er mykje som kan skje på den tida. No vil eg bare ta det heilt med ro og la den ligge på Finn litt før eg evt har ny visning ein gong ut i februar. Eg velger å sjå på det positive, no kan eg kosa meg i den fine leiligheta mi ei stund til. :)

Her har det snødd heile dagen og ser ikkje ut som det vil stoppe med det fyrste. Får sjå om eg klarar å komme meg ut på venninne besøk i kveld eller om eg blir snødd inne. Hehe, eg velger å håpe på det beste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar