Eg får vel legge korta på bordet og sei grunnen til at eg har skrevet så mykje om oppussinga av leiligheta i dei siste innlegga. På mandag hadde eg besøk av meklar, og no ligg leiligheta mi ute for salg. Visninga er på onsdag.
Det er ganske nervepirrande, på eine sida føler eg meg litt gal som selger no som eg har fått det så fint her, men det er jo mennesklig natur og alltid jakte på noko betre. Det er litt p.g.a. helsa og at eg har valgt å selge, har absolutt behov for carport/garasje på vinteren, så eg håpar eg kan finne noko som i det minste har det. Viss det tar for lang tid før eg finn noko så får eg flytte inn hos foreldra mine, men fyrst må eg jo få selga det eg har.
Wish me luck. ;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar