fredag 18. januar 2013

Gangen.

Eg fortsetter med å skriva om oppussinga av leiligheta, denne gongen vil eg vise kva som blei gjort i gangen min. Det skulle pussast heilt opp, fliser på golvet og ny tapet, og ny skapløysning. Skapet som var der i gangen var frå då blokka blei bygga, så eg følte det var nødvendig med ei lita oppdatering.
Bilde frå prospektet.

Flisene til golvet blei frakta opp frå Polen, så eg hadde litt restriksjonar på valget sidan eg ikkje var der sjølv. Endte opp med nokon fine sandgule fliser. Vi reiv ut skapet då det skulle flisleggast. Over sommaren så hang det bare ei enkel stang det skapet var før.

Midlertidig løysning for skapet.

Midlertidig veggpynt.

Eg hadde ikkje tapet endå, så eg laga meg litt pynt på veggen sjølv fram til sommaren. Då eg var i Polen fann eg ein fin tapet på Castorama som passa bra med flisene.
Fliser og tapet på plass.

Handla kommode og skap på Jysk. Fallt absolutt for det skapet, det har god lagringsplass, noko det alltid behov for i ei mindre leilighet.
Stort og romslig skap.

Stor kommode, kom veldig godt med.

Litt pynt må ein jo og ha.
Speil frå Skeidar.

Skilt frå Nille og hjerte frå Upstairs.

Litt pynt på kommoden.

Det er eit lite rom, så det er litt vanskelig å ta skikkelige bilder, men sånn ser det altså ut her hos meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar