Eg holder fortsatt på med å komme på plass igjen heime etter jula, så det skjer ikkje så mykje kreativt for øyeblikket. Har surfa nettet litt på kveldane og kom over denne fine lista over kva du kan bruke kaffi filter til anna enn å laga kaffi. Ein del av det er helst med tanke på dei blomsterforma filtera, men mykje kan brukast med dei vanelige og. Har gjort mitt beste til å oversette det frå engelsk.
Kaffi filter, bedre enn serviettar og mykje billigare.
1. Dekk skåler o.l. når du har det i mikrobølgeovnen, filteret funker topp som lokk.
2. Vask vindu, speil og krom. Kaffi filter er lofritt, så dei vil få overflatene til å skinne.
3. Beskytt det fine serviset ditt med å legge kaffi filter mellom kvar skål og tallerken.
4. Viss du øydelegger korken på vinflaska når du prøver å opne den kan du helle vinen igjennom kaffi filter for å unngå at folk får kork i vinen.
5. Beskytt støpejernspanna. Legg eit filteret i panna for å samle på fuktighet og forhindre rust.
6. Lag ein ball av filteret og bruk den til å ha skopuss på skoa dine.
7. Ha kutta grønnsaker oppi filteret når du skal vege dei.
8. Taco holderar, filtera fungerer fint som innpakning til grisete mat.
9. Stopp molda frå å komme ut i blomsterpotta. Legg filteret i bunnen av plast potta så stopper du molda frå å komme ut av hullene i bunnen.
10. Ha pinne-is i eit kaffi filter, lag hål for pinnen, så slepper du griseriet når isen byrjar å smelte.
11. Skal du vokse øyenbryna? Ikkje kjøp dyre strips, klypp kaffifilteret i lengder og bruk det.
12. Skal du ha bacon, pommes fritter, kylling klubber e.l. til middag så legg kaffi filter på tallerken, den vil suge til seg fettet.
13. Ha nokon liggande på badet, kjemer greit med når ein kutter seg med barberhøvelen.
14. Legg natron i kaffifilter og legg det i sko eller skap, så trekker til seg, og forhindrar fæl lukt.
15. Bruk kaffi filter som trakt når du må fylle vindusspylerveske i bilen.
16. Legg skeia på eit filter medan du lagar mat.
17. Dei kan brukast til å ha tørre ingrediensar i når du bakar, eller når du kutter frukt og grønnsaker, så slepper du å vaske ei ekstra skål.
18. Pakk juletrekuler i dei.
19. Viss du er tom for bomull, så kan du bruke dei til å fjerne neglelakk.
20. Bruk som ei enkel skål for popcorn, chips o.l.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar