tirsdag 15. januar 2013

Badet

Eg har allerede skrevet om då far min pussa opp soverommet mitt, han var omtrent halveis med den jobben då vi fekk inn folk til å jobba på badet og.
Bilde frå prospektet.

Det ser jo litt finare ut på prospektbildet enn det egentlig var der inne, men det var absolutt behov for litt fornyelse.
Fyrst kom jo heile prosessen med å velge fliser, vi endte opp på Right Price Tiles og med litt input frå foreldra mine så føler eg at eg fann nokre fine fliser.
Endte opp med noko som ligna desse på golvet.

Flisane til veggen.

Eg valgte egentlig dei pynteflisene med blomane du ser i bildet over til å ha på veggen, men når han som skulle ordne badet for meg kom og såg at dei flisane var ein god det tjukkare enn dei andre kvite flisane, så måtte vi inn igjen i butikken og velge nye.
Ny pynteflis til veggen.

Egentlig er eg veldig glad for at eg måtte velge nye, trur eg hadde blitt lei dei andre veldig fort, medan eg fortsatt elskar dei eg endte opp med.
Det tok ikkje så lang tid før arbeidet byrja og stova var i fullt kaos.
Fyrste steg i forvandlinga.

I mellomtida blei stova til eit lager.

Flisene klare til å komme inn på bated.

Det var jo litt spennande å følge med på forandringa som skjedde medan dei holdt på.
Lyset var vel det einaste originale igjen.

Snart klart for fliser.

Den kjekkaste delen underveis var nok når flisane kom på plass og ein fekk eit skikkelig inntrykk av kva rommet kom til å bli
Pynteflisene på plass.

Sidan sjefen i firmaet som pussa opp badet for meg var polakk, og venn med foreldra mine, så fekk vi til nokre gode avtalar der vi fekk frakta opp litt ting frå Polen til å ha på badet.
Kran, vask og underskap frå Castorama i Polen.

Eg elsker skapet, mest pga av mønstret på sida, det er ikkje så veldig synlig, men eg er veldig glad i sånne små detaljar.
Etterkvart kom alt på plass, flisene, møblane og varmeovnen frå Polen, nytt hengetoalett, dusj og nytt overskap. Det er opplegg for vaskemaskin, med eg syns fellesvaskeriet i blokka funker fint så har ikkje følt behov for egen maskin endå.
Ferdig bad.

Ferdig bad.

Hengetoalett og skapet, kan så vidt sjå mønsteret på sida.

Skap og lampe frå Ikea, varmeovnen du ser i speilet er og frå Castorama i Polen.

Fossefallet mitt, fine fliser. :)

Eg er utrulig fornøyd med resultatet, den dagen eg flyttar så er det nok dette rommet eg vil savne mest, kjeme sikkert til å ville prøve å kopiere det seinare og, hehe. Elskar pynteflisa på veggen, fossefallet mitt, syns den gir så fin effekt.
Det er ikkje noko problem å somle vekk litt tid på badet når det er så trivelig der inne.

2 kommentarer:

  1. du har eit knall fint bad :) skulle ønska mitt var lika flott! :)

    Klems...

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. :) Du har nå mykje flott heima hos deg og. ;)
      Klem.

      Slett