søndag 6. januar 2013

Nyttårsforsett

No er vi nesten ei veke inn i det nye året, eg har tenkt litt på nyttårsforsett. Det er jo ikkje alltid så lett å holde, men i år trur eg at eg har funne noko eg kan klare. Fann dette då eg var på nettet her om dagen og syns det var ein veldig fin ide.


Det kan være litt for lett å fokusere på det negative når ein er sjuk, eg gjer jo alltid mitt beste til å sjå det gode i ting, men det skadar jo ikkje med litt ekstra motivasjon. Så dette er mitt nyttårsforsett, eg skal samle på gode minner. Så får vi sjå kor mange lappar som er i krukka mi på slutten av året.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar