Viser innlegg med etiketten Husjakt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Husjakt. Vis alle innlegg

tirsdag 5. mars 2013

Ny visning i morgon.

Eg holder på med å forbereda leiligheta til ei ny visning i morgon. Blir spennande å sjå om det kjem nokon, og om det blir noko napp. Eg har hatt to privatvisningar, men det var desverre ikkje heilt det dei var på jakt etter. Boligmarkedet i Kristiansand er skikkelig seigt for tida, så dette kan nok ta litt tid, men vi håpar på det beste.

Våren er endelig byrja å visa seg her på sørlandet. Sola har vert framme og dei store snømengdene holder på å smelte vekk. Herlig!

Eg jobbar med nokre prosjekt for framtidige innlegg, men no ligg all fokus på visninga i morgon.

   

lørdag 26. januar 2013

Visning #1

Eg hadde visning på leiligheta på onsdag kveld. Desverre var det ingen som kom, så eg må nok ha ny visning. Medan visninga holdt på hos meg så var eg å såg på noko nytt, der var det ingen andre, så tanken slo meg at det kanskje kunne være tomt på mi visning. Det var jo så klart veldig skuffande å komme heim til den beskjeden frå meklaren, spesielt sidan han var så overbevist om at leiligheta ville bli solgt rimelig raskt.
Etter skuffelsen hadde lagt seg litt så gikk det jo opp for meg at det er tross alt januar, ikkje den beste tida for salg av eiendom. Eg har jo heller ikkje noko hastverk med å flytta ut, egentlig så vil eg jo gjerne blir her til over påsken i det minste. Oppdraget varer jo i 6 mnd, er mykje som kan skje på den tida. No vil eg bare ta det heilt med ro og la den ligge på Finn litt før eg evt har ny visning ein gong ut i februar. Eg velger å sjå på det positive, no kan eg kosa meg i den fine leiligheta mi ei stund til. :)

Her har det snødd heile dagen og ser ikkje ut som det vil stoppe med det fyrste. Får sjå om eg klarar å komme meg ut på venninne besøk i kveld eller om eg blir snødd inne. Hehe, eg velger å håpe på det beste.

søndag 20. januar 2013

Jakten etter noko nytt.

Eg får vel legge korta på bordet og sei grunnen til at eg har skrevet så mykje om oppussinga av leiligheta i dei siste innlegga. På mandag hadde eg besøk av meklar, og no ligg leiligheta mi ute for salg. Visninga er på onsdag.
Det er ganske nervepirrande, på eine sida føler eg meg litt gal som selger no som eg har fått det så fint her, men det er jo mennesklig natur og alltid jakte på noko betre. Det er litt p.g.a. helsa og at eg har valgt å selge, har absolutt behov for carport/garasje på vinteren, så eg håpar eg kan finne noko som i det minste har det. Viss det tar for lang tid før eg finn noko så får eg flytte inn hos foreldra mine, men fyrst må eg jo få selga det eg har.
Wish me luck. ;-)