torsdag 7. mars 2013

Påske pynt.

Det var desverre ikkje noko særlig hell med visninga i går. No blir det ein ny periode med venting, så får vi sjå kva vi finner på.

Mor mi og eg var ein tur på Vågsbygd senter på tirsdag, måtte komma meg ut litt. Det var komme så mykje fin påske pynt i butikkane, kunne fint ha komme heim igjen med fullt bagasjerom. Eg klarte å styra meg litt og endte til slutt opp med to pynte egg ifrå Kid.

Det viste seg at dei har og liknande egg på Nille, så det skal ikkje være problem med å få tak i.


Delikat påske pynt. Syns dei var veldig fine, og passar fint inn med stilen eg har i stova.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar