Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

torsdag 7. mars 2013

Påske pynt.

Det var desverre ikkje noko særlig hell med visninga i går. No blir det ein ny periode med venting, så får vi sjå kva vi finner på.

Mor mi og eg var ein tur på Vågsbygd senter på tirsdag, måtte komma meg ut litt. Det var komme så mykje fin påske pynt i butikkane, kunne fint ha komme heim igjen med fullt bagasjerom. Eg klarte å styra meg litt og endte til slutt opp med to pynte egg ifrå Kid.

Det viste seg at dei har og liknande egg på Nille, så det skal ikkje være problem med å få tak i.


Delikat påske pynt. Syns dei var veldig fine, og passar fint inn med stilen eg har i stova.

fredag 8. februar 2013

Våren er vakker for den som lenge har hatt vinter.

Det har vert ein del snø her på sørlandet den sista tida, og meir skal det bli. I dag kom sola fram og gjorde det litt meir triveligare til tross for kulda.


Eg må innrømme at eg er ganske lei av snø og vinter no, kunne godt tenkt meg ein tur til ein plass med sol og varme. Desverre er ikkje det så aktuelt no, og sidan eg ikkje kan gjere noko med været, så bestemte eg meg for å heller skape litt vår inne i leiligheta.



Lilla er visst interiør fargen i år, og det passar jo meg perfekt sidan eg er veldig glad i lilla. Mykje av pynten eg har er lilla eller blått.






Eg måtte få inn litt sommarfuglar og, kanskje litt tidlig ute, men eg føler det var med å skape litt stemning. No kan eg kosa meg med vår inne fram til det blir vår ute.
Sånn ser det altså ut hos meg om dagen, er det nokon andre som har fått våren inn i heimen?

tirsdag 5. februar 2013

En manns skrap, er en annen manns skatt!

Då eg besøkte venninna mi, Diana, i sommar var vi innom den lokale søppeldynga. Høyres kanskje ikkje så trivelig ut, men der har dei eit rom der folk kan sette frå seg brukbare ting. Alt frå telysholderar, til møblar, til bøker, som folk kanskje er lei av sjølv, men føler at andre kan ha glede av.
Då eg var komen heim igjen kom eg til å tenke at dei har jo liknande opplegg her og, så eg satt meg i bilen og kjørte til Mjåvann. Der hadde dei eit rom ja, det var ganske ribba, er visst mange som har hatt denne ideen. Allikevel så fann eg tre fine blomsterpotter som eg fekk raska med meg. Ganske fornøgd med funnet.
Dei tre blomsterpottene eg fann på Mjåvann.
Eg kjem nok til å stikke oppom igjen ein gong og sjå om det er noko anna artig å finne der.
Ei av pottene i bruk.
Forøvrig så har venninna mi og ein blogg, ho fokuserer mest på interiør, mange gode ideear å finne hos henne, så det er verdt å stikke innom My Dream.

onsdag 30. januar 2013

Nye skåler.

Hadde ein liten tur ut på Vågsbygd senter i dag. Dei som er glad i orange og brunt burde stikke innom Black Design, dei har salg på ein del ting.
Sjølv endte eg opp med å handla på Nille, dei har ein del fine skåler for tida, så eg endte opp med to små. Dei var på sag, så då fekk eg to for prisen av ein, yay, vi like salg.


Likar mønsteret så godt, dei har koppar og mugger og litt andre skåler og med det mønsteret på og. Skulle gjerne hatt alt, men det minkar på plass i skapa, hehe.

tirsdag 22. januar 2013

Vis oss din TV

Eg slenger meg inn i NIB si utfordring om å vise fram min TV. Her hos meg er TV'n ein stor del av kvardagen, elskar film, så då eg flytta inn i leigheta for litt over 2 år sidan måtte eg ha ei skikkelig TV-løysning. Etter ein god lang runde på IKEA så endte eg opp med ein TV-benk og overskap i samme stil, hugsar desverre ikkje kva modellen heiter. Valgte og fine kvite dørar for å gi litt kontrast.


Denne kombinasjonen har funka fint for mitt behov, det har plass til alle duppedittane mine, så då kan eg jo ikkje klaga. :-)

mandag 21. januar 2013

Leiligheta mi.

Her går det i forberedelsar til visninga for tida, rydding og stelling. Heldigvis ikkje så mykje sidan det meste blei gjort før fotografen kom. Ville dela bilda som fotografen tok til prospektet, eg syns dei blei veldig fine.

lørdag 19. januar 2013

Stova

Sitste oppussings innlegg, isåfall i denne omgang. Siste store prosjekt var å få fikse opp stova, det var jo greit nok frå før, men ville gjerne ha det litt lysare. Bilda frå prospektet får det til å sjå ein god del lysare ut enn det egentlig var.
Bilde frå prospektet.

Bilde frå prospektet.

Bilde frå prospektet.

Det fyrste som måtte bli gjort var å fjerne mest mulig av møblane som stod der inne, og dekke til det som måtte bli ståande.
Setter ein senga på høgkant så blir det litt plass.

Er heldigvis god plass på soverommet.

Møblane blit dekka til med gamle gardiner.

Far min gikk igang med å få opp plater på veggen.
God start med nye vegg.

Det blei  jo ganske kaotisk etterkvart, det gamle golvet blei revet vekk for å få plass til det nye.
Gamle golvet på vei ut.

Veggene blei malt eggekvite og det blei lagt fint, lyst golv.
Nymalte veggar og nytt golv.

Manglar bare listene.

Det var litt av ein prosess, men veldig fint når det var ferdig, hjelper jo litt med isolasjonen og når ein får opp sånne plater på veggen. Og så måtte vi jo få møblane på plass igjen.
Litt kaotisk kontor krok.

Film & bøker.

Fine sjenken min frå Jysk.

Fine apotekarbenken min.

Teppe på golvet og sofaen på plass.

Litt bilder må ein ha.

Sånn har eg det altså no, det har sakte men sikkert blitt ei lys og koselig leilighet, eg trives veldig godt her.

fredag 18. januar 2013

Gangen.

Eg fortsetter med å skriva om oppussinga av leiligheta, denne gongen vil eg vise kva som blei gjort i gangen min. Det skulle pussast heilt opp, fliser på golvet og ny tapet, og ny skapløysning. Skapet som var der i gangen var frå då blokka blei bygga, så eg følte det var nødvendig med ei lita oppdatering.
Bilde frå prospektet.

Flisene til golvet blei frakta opp frå Polen, så eg hadde litt restriksjonar på valget sidan eg ikkje var der sjølv. Endte opp med nokon fine sandgule fliser. Vi reiv ut skapet då det skulle flisleggast. Over sommaren så hang det bare ei enkel stang det skapet var før.

Midlertidig løysning for skapet.

Midlertidig veggpynt.

Eg hadde ikkje tapet endå, så eg laga meg litt pynt på veggen sjølv fram til sommaren. Då eg var i Polen fann eg ein fin tapet på Castorama som passa bra med flisene.
Fliser og tapet på plass.

Handla kommode og skap på Jysk. Fallt absolutt for det skapet, det har god lagringsplass, noko det alltid behov for i ei mindre leilighet.
Stort og romslig skap.

Stor kommode, kom veldig godt med.

Litt pynt må ein jo og ha.
Speil frå Skeidar.

Skilt frå Nille og hjerte frå Upstairs.

Litt pynt på kommoden.

Det er eit lite rom, så det er litt vanskelig å ta skikkelige bilder, men sånn ser det altså ut her hos meg.

tirsdag 15. januar 2013

Badet

Eg har allerede skrevet om då far min pussa opp soverommet mitt, han var omtrent halveis med den jobben då vi fekk inn folk til å jobba på badet og.
Bilde frå prospektet.

Det ser jo litt finare ut på prospektbildet enn det egentlig var der inne, men det var absolutt behov for litt fornyelse.
Fyrst kom jo heile prosessen med å velge fliser, vi endte opp på Right Price Tiles og med litt input frå foreldra mine så føler eg at eg fann nokre fine fliser.
Endte opp med noko som ligna desse på golvet.

Flisane til veggen.

Eg valgte egentlig dei pynteflisene med blomane du ser i bildet over til å ha på veggen, men når han som skulle ordne badet for meg kom og såg at dei flisane var ein god det tjukkare enn dei andre kvite flisane, så måtte vi inn igjen i butikken og velge nye.
Ny pynteflis til veggen.

Egentlig er eg veldig glad for at eg måtte velge nye, trur eg hadde blitt lei dei andre veldig fort, medan eg fortsatt elskar dei eg endte opp med.
Det tok ikkje så lang tid før arbeidet byrja og stova var i fullt kaos.
Fyrste steg i forvandlinga.

I mellomtida blei stova til eit lager.

Flisene klare til å komme inn på bated.

Det var jo litt spennande å følge med på forandringa som skjedde medan dei holdt på.
Lyset var vel det einaste originale igjen.

Snart klart for fliser.

Den kjekkaste delen underveis var nok når flisane kom på plass og ein fekk eit skikkelig inntrykk av kva rommet kom til å bli
Pynteflisene på plass.

Sidan sjefen i firmaet som pussa opp badet for meg var polakk, og venn med foreldra mine, så fekk vi til nokre gode avtalar der vi fekk frakta opp litt ting frå Polen til å ha på badet.
Kran, vask og underskap frå Castorama i Polen.

Eg elsker skapet, mest pga av mønstret på sida, det er ikkje så veldig synlig, men eg er veldig glad i sånne små detaljar.
Etterkvart kom alt på plass, flisene, møblane og varmeovnen frå Polen, nytt hengetoalett, dusj og nytt overskap. Det er opplegg for vaskemaskin, med eg syns fellesvaskeriet i blokka funker fint så har ikkje følt behov for egen maskin endå.
Ferdig bad.

Ferdig bad.

Hengetoalett og skapet, kan så vidt sjå mønsteret på sida.

Skap og lampe frå Ikea, varmeovnen du ser i speilet er og frå Castorama i Polen.

Fossefallet mitt, fine fliser. :)

Eg er utrulig fornøyd med resultatet, den dagen eg flyttar så er det nok dette rommet eg vil savne mest, kjeme sikkert til å ville prøve å kopiere det seinare og, hehe. Elskar pynteflisa på veggen, fossefallet mitt, syns den gir så fin effekt.
Det er ikkje noko problem å somle vekk litt tid på badet når det er så trivelig der inne.