torsdag 28. februar 2013

Ta vare på melkekartongen.

Når eg skal oppbevare mat i poser så har eg vanligvis bare knytta enden eller brukt klyper, men eg fann eit lurt tips her om dagen. Alt du treng er ein tom melkekartong, av den typen med skrukork. Klipp korkdelen ut av melkekartongen.



Tre enden av posen igjennom skrudelen, og brett det over, ta så korken og skru igjen. Voila! Tett pose.

Du kan og skjære toppen av brusflasker og bruke dei og til dette, egentlig alt med skrukork, mulig det kan tåle litt tjukkare plastposar og. Uansett så syns eg dette funkar veldig greit på mitt kjøkken, og det gjer jo det litt lettare å stappe melkekartongane når korken ikkje er i veien.

torsdag 21. februar 2013

Banan Valnøtt Sjokolade Cookies

Endå ei banan oppskrift. Eg har ein stygg tendens til å kjøpe bananer og bare la dei ligge, så då er det greit å ha oppskrifter klare så dei ikkje ender opp i bosset.
Eg ville dele denne oppskrifta med dåke, dette er kjempe gode kjeks med mykje innhold.

Dette trenger du:

165 g mjøl
1ts. salt
180 g smør
½ ts. bakepulver
115 g sukker
115 g lyst brunt sukker
1 stort egg
1 stor moden most banan ( evt. 1 1/2 små bananer)
50 g valnøtter
2 ts. vaniljepulver
150 g sjokolade i bitar
2 dl havregryn

- Pisk sammen kvitt og brunt sukker, og smøret til det blir luftig.


- Ha oppi egg og vaniljepulver og bland det godt sammen.

- Bland sammen mjølet med bakepulver og salt, og ha det oppi bollen.


Resten kan du gjere for hånd, men det går vel an å la kjøkkenmaskina gjere det i lav hastighet.
- Hakk opp sjokoladen, eller bruk sjokoladeknappar.
- Bland sjokoladen med ei most banan, hakka valnøtter og havregryn, og ha oppi bollen.


- Bland det godt sammen.


- Kle steikebrett med bakepapir og fordel deigen i kuler på steikebrettet.

- Sett ovnen på 175 C 13 minutter
- Når du tar kjeksa ut av ovnen så er det best å la dei kvile i minst 5 minutt før du legg dei i kakeboksen.

Dette er utrulig gode kjeks, med mykje smak. Der eg fann oppskrifta stod det at dei holder seg i maks 2 dagar i ein kakeboks. Dette blir jo ein stor porsjon, så viss du har mange igjen på dag to så er det ikkje noko problem med å fryse kjeksa, det er jo veldig greit å ha nokre i frysen viss du får uventa kaffibesøk.

søndag 17. februar 2013

Fastelaven.

Det var jo morsdag og fastelaven forrige søndag, litt dumt når begge tinga faller på samme dag, så vi valgte å fastelaven i dag istadenfor. Eg tok turen ned til foreldra mine, og fekk nyte mor mi sine fastelavensboller.


Det er ikkje pølse eller karbonader som ligg under kremen, men marsipan. Det er del av ei oppskrift mor mi fann for ein del år sidan. Veldig godt, og veldig mektig. Absolutt til å anbefala.
Håpar alle har ein fin søndag.

fredag 15. februar 2013

Romanse.

Eg er desverre skikkelig uinspirert for tida, men eg fann denne på nettet i dag. Litt seint ute for Valentines dagen, men passar for dei som vil ha pynte idear til neste år, eller har andre romantiske feiringar i nær framtid.

fredag 8. februar 2013

Våren er vakker for den som lenge har hatt vinter.

Det har vert ein del snø her på sørlandet den sista tida, og meir skal det bli. I dag kom sola fram og gjorde det litt meir triveligare til tross for kulda.


Eg må innrømme at eg er ganske lei av snø og vinter no, kunne godt tenkt meg ein tur til ein plass med sol og varme. Desverre er ikkje det så aktuelt no, og sidan eg ikkje kan gjere noko med været, så bestemte eg meg for å heller skape litt vår inne i leiligheta.



Lilla er visst interiør fargen i år, og det passar jo meg perfekt sidan eg er veldig glad i lilla. Mykje av pynten eg har er lilla eller blått.






Eg måtte få inn litt sommarfuglar og, kanskje litt tidlig ute, men eg føler det var med å skape litt stemning. No kan eg kosa meg med vår inne fram til det blir vår ute.
Sånn ser det altså ut hos meg om dagen, er det nokon andre som har fått våren inn i heimen?

tirsdag 5. februar 2013

En manns skrap, er en annen manns skatt!

Då eg besøkte venninna mi, Diana, i sommar var vi innom den lokale søppeldynga. Høyres kanskje ikkje så trivelig ut, men der har dei eit rom der folk kan sette frå seg brukbare ting. Alt frå telysholderar, til møblar, til bøker, som folk kanskje er lei av sjølv, men føler at andre kan ha glede av.
Då eg var komen heim igjen kom eg til å tenke at dei har jo liknande opplegg her og, så eg satt meg i bilen og kjørte til Mjåvann. Der hadde dei eit rom ja, det var ganske ribba, er visst mange som har hatt denne ideen. Allikevel så fann eg tre fine blomsterpotter som eg fekk raska med meg. Ganske fornøgd med funnet.
Dei tre blomsterpottene eg fann på Mjåvann.
Eg kjem nok til å stikke oppom igjen ein gong og sjå om det er noko anna artig å finne der.
Ei av pottene i bruk.
Forøvrig så har venninna mi og ein blogg, ho fokuserer mest på interiør, mange gode ideear å finne hos henne, så det er verdt å stikke innom My Dream.