mandag 31. desember 2012

Godt nyttår!

Det har blitt lite blogging i romjula, men satsar på å komme sterkt tilbake i det nye året. Eg vil ønske alle mine leserar eit riktig godt nyttår, håpar dåke får feire kvelden med kjennte og kjære, og at det nye året bringer mykje godt.

torsdag 27. desember 2012

Mi jul.

Håpar alle har hatt ei skikkelig fin julefeiring med nære og kjære. Eg flytta inn hos foreldra mine for å feire jula, alltid veldig koselig. Vesle julafta så var det heilt forferdelig vær her nede på sørlandet så vi holdt oss for det meste inne, det var varsel  om at folk helst ikkje skulle gå ut. Heldigvis så roa det seg i løpat av natta så på formiddagen på julafta, så tok eg turen ut og lufta hovudet litt og fekk tatt nokre bilder.
Snøen festa seg godt oppover veggane.

Viser kanskje litt av snømengdene.

Mange av bilane måtte bare bli ståande langs veien.

Om kvelden samla vi oss rundt bordet for jula middagen. Pinnakjøtt, kan ikkje ha noko anna når ein er vestlending.
Nydelig pinnakjøtt.

Etter maten så fann vi roen ved julatreet og opna gåver. Vi fekk alle mykje fint, og eg fekk mange kjekke ting til å ha i leiligheta.
Julatreet.
Til å hakke mat med.

Sorterings korger frå Ikea og litt kjekt dill.

Fotoramme, tavla og gavekort.

Nydelig pynt som dattera til venninna mi laga spesielt til meg. :-)

Ein boks, hatteboks? Syns den er kjempefin.

Fin løpar. Den kjem i bruk til våren.

Eg fekk ein del andre fin ting og. Ein kan absolutt ikkje klaga når ein har det så godt i jula. Eg er fortsatt hos foreldra min, og det ser nesten ut som om eg blir her til over nyttår, har det jo så fint her. Vi slappar av, eter god mat og får med oss juleunderholdninga på TV, inkludert julespesialen av Downton Abbey i går.

I dag sitter eg hundevakt for ein liten hund som heiter Ares. Det er egentlig foreldra mine som passar han no i jula, men dei skulle ut på middag hos venner så då trår eg inn som hundepassar. Roligare hund skal ein leite lenge etter.

Ares
Då ønsker Ares og eg dåke alle ei fortsatt god jul!

mandag 24. desember 2012

God Jul!



Vil ønske alle mine lesarar ei riktig god jul. 
Håpar alle får ei fin feiring med kjære og kjennte.

søndag 23. desember 2012

Julatradisjon: Pepperkakehus.

Så lenge eg kan huska så har vi bygd pepperkakehus til jul. Vi handlar pepperkakehus i butikken, og det blir bygd og pynta på vesla julafto. Det har vert litt varierande resultat i løpet av åra, men det er ein koselig tradisjon. Ville dele litt av resultata frå tidlegare år.


Det gikk greit veldig lenge, men så kom ein periode med store fadeser. Reine krigssonen til tider.


Bjørkens pepperkakehus er ikkje heilt til å stole på, men det er som oftast det vi ender opp med. I fjor gikk det og veldig gale. Mange av bitane var knuste i pakken, så eg kom ikkje så veldig langt med det.

Heldigvis så hadde venninna mi gitt meg eit sett frå Ikea og det var mykje betre, så i fjor fekk vi eit skikkelig pepperkakehus.

I år har vi og handla Bjørkens pepperkakehus. Må innrømme eg var ganske skeptisk til at det skulle bli bra, men bitane var heile og det blei faktisk eit hus til slutt.

Det måtte jo litt pynt på huset og.


Så då er pepperkakehuset på plass, og vi er eit stort skritt nermare jula her hos oss. :)

lørdag 22. desember 2012

Nøtteflarn.

Her er ei oppskrift eg fann til julebaksten i år, nøtteflarn. Syns alltid dei har sett så gode ut, så då hadde eg jo ei greit unnskyldning til å laga dei.

2 egg
200g sukker
200g malte hasselnøtter.


1dl heile hasselnøtter til pynt.

Pisk sammen egg og sukker til ein tjukk eggedosis.

Vend inn dei malte nøttene.


Lag små klattar av røra på steikebrettet, og pynt med ei heil nøtt på toppen.


Steik kakene midt i ovnen på 170C i 10 minuttar.


Det andre forsøket mitt gikk litt betre enn det fyrste, men det viktigaste er jo at smaken er der. :-)
Du kan fint bytta hasselnøttene med malte mandlar eller valnøtter viss du likar dei betre.

Det har blitt ein del baking på meg denne jula, men no er eg ferdig og har flytta inn til foreldra mine for å feire jul. Satsar på nokre koselige dagar framover.

fredag 21. desember 2012

Julakort.

Ein av favoritt tradisjonane mine frå då eg budde på Norsk KFUK i London var at vi laga julekort kvart år. Det var mange koselige ting som skjedde på huset i tida før jul, men det å laga eigne julekort var alltid blant favorittane mine. Eg har alltid likt å låge sånne ting sjølv, så dei tre åra eg budde der så sendte eg ut mange heimelaga julekort. Desverre blei det litt dårlig med det etter at eg flytta heim igjen til Noreg.
Då eg kom heim frå Eiken sist måned så låg det ein pakke å venta på meg frå tanta mi i Tyskland. Det var eit hobbyset til å laga eigne julakort, og litt sjokolade.

Eg blei jo kjempeglad, syns det var kjempe koselig. Det tok ikkje så lang tid før eg gikk til verks og laga julakort.
 

Tada! Sånn blei dei sjåande ut:

Hadde litt pynt til overs, så kan kanskje laga fleire neste år. Syns absolutt det var fint å kunne laga kort sjølv, så kan eg jo bare håpa at dei som får dei syns det er fint og, hehe.

torsdag 20. desember 2012

Hold orden på papiret.

Bare eit lite tips no som folk er i full gang med å pakke inn gaver. Det kan jo ofte bli litt krøll på papiret når det skal leggast vekk igjen. Dorullar! Eg pleier å ta ein dorull rundt papiret når eg er ferdig med å bruka det så holder det seg greit til neste år.

Enkel og grei måte å holde orden på.

tirsdag 18. desember 2012

Adventsstjerna!

Eg var på handel saman med mor mi på fredag, siste innspurt med gave kjøp til jul. Vi tok blant anna turen innom Elkjøp på gavejakt, men eg måtte jo ha noko sjølv og. Ny adventsstjerna!
Gamle adventsstjerno.

Ny adventsstjerna.

Den gamle var jo fin og, men det er jo kjekt å fornya litt av og til.

mandag 17. desember 2012

Serinakaker

Endå ei oppskrift eg oppdaga til julebaksten i fjor, serinakaker. Absolutt til å anbefala.

150g smør.
250g kveitemjøl.
2ts bakepulver.
2ts vaniljesukker.
100g sukker.
1 egg.

Til pynt: Egg til pensling, hakka mandlar og perlesukker.

Smuldr smøret i mjølet, bakepulver og vaniljesukker.

Tilsett sukker og sammenvispa egg.

Arbeid deigen godt, og trill den ut i ei pølsa.

Skjær pølsene i like store bitar og trill kuler. Sett kulene på steikeplata og bruk ein gaffet til å rykka dei ned.

Pensl med egg, og dryss over hakka mandlar og perlesukker.

Steik kakene midt i ovnen ca 12 minutt i 175C.
La kakene stå å kjøle seg ned litt før du pakker dei vekk.

Eg gjorde visst litt feil med egget når eg laga dei, men ein lærer jo underveis. Smaken er der, og det er jo det viktigaste. 

søndag 16. desember 2012

Julapynt

Snøen har komme, det har vert ganske mykje dei siste dagane. Då er det kjekt å gjera det koselig inne, så julapynten har kommet fram. Eg byrja litt forsiktig, prøva å skapa litt stemning. Må jo visa fram.
Advents stjerna.

Kjøpte denne i Tyskland, kjempeglad i den.

Snøkrystall som skifter farge.

Lysande snøball.

Jul på benken.

Laga meg ein adventsstake.

Jule lys må ein ha.

Ikkje julepynt, men eg elsker denne lykta.
Litt jul må det være på kjøkkenet og.

Raude hjerter til pynt på speilet.

Snø krystallar festa til kransen på døra.

Mykje lys og mykje varme inn leiligheta no altså. Det blir nok eit innlegg eller to til om julapynt, kjeme jo litt nytt ut etterkvart som det nermar seg juleafta. 
Eg kose meg mest inne når vinteren rasar ute, men no ser det ut som det plutselig blir plussgrader, så det spørs om det blir kvit jul. Vi får kryssa fingrane.