Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg

fredag 22. mars 2013

Serviett-pomponger

Det nermer seg jo fest tid, om det er komfirmasjon, bryllup, bursdag eller bare det å samle gode venner. I mitt tilfelle så nermar det seg bursdag, og då er det jo kjekt å gjere det lille ekstra. Eg har laga serviett pompongar til mitt fest-bord og ville dele kunnskapen med dåke.
Det funker så lenge du bruker serviettar med litt fleire lag, så altså ikkje tørkerullen, hehe. Av dette blir det veldig fine pomongar.

1. Brett ut servietten som vist på bildet.

2. Riv av ei lita rems frå den lukka sida av servietten. Ta vare på den.

3. Brett servietten til ei vifte.

4. Bruk den avrevne biten til å knytte på midten av vifta.


5. Dra opp alle laga på servietten, det bure bli minst 2 ekstra lag under kvar "bildeside" av servietten. Dra forsiktig så du ikkje river servietten. Form som ein pompong.

Vips! Så har du fine serviett-pomoingar til å pynte fest bordet med.
Nokon som skal prøve dette til neste fest?

onsdag 20. mars 2013

Korger.

Eg har byrja å flette korger. Dei er laga av papir, eg har brukt ein gammal Black Design katalog.

Tanken var dele ei veiledning her på bloggen min, men etter den fyrste så skjønte eg at eg måtte komme på ein betre måte å gjere ting på.
No har eg lagra tre stykker, og forbedra teknikken litt underveis, men føler det må være ein enklare måte å ordne den siste biten på. Hehe. Så for no deler eg bare bilder ev dei to fyrste korgene, så får vi sjå om det blir noko meir av dette.
No må eg bare finne ut kva eg skal bruke dei til.

torsdag 14. mars 2013

Serviett kunst

Er sjuk og elendig om dagen, blir lite interiør fokus då. Det nermar seg påske, St. patrick's og konfirmasjons tid. Fann denne videoen som kanskje kan komme til nytte viss ein skal ha fest.

fredag 15. februar 2013

Romanse.

Eg er desverre skikkelig uinspirert for tida, men eg fann denne på nettet i dag. Litt seint ute for Valentines dagen, men passar for dei som vil ha pynte idear til neste år, eller har andre romantiske feiringar i nær framtid.

fredag 21. desember 2012

Julakort.

Ein av favoritt tradisjonane mine frå då eg budde på Norsk KFUK i London var at vi laga julekort kvart år. Det var mange koselige ting som skjedde på huset i tida før jul, men det å laga eigne julekort var alltid blant favorittane mine. Eg har alltid likt å låge sånne ting sjølv, så dei tre åra eg budde der så sendte eg ut mange heimelaga julekort. Desverre blei det litt dårlig med det etter at eg flytta heim igjen til Noreg.
Då eg kom heim frå Eiken sist måned så låg det ein pakke å venta på meg frå tanta mi i Tyskland. Det var eit hobbyset til å laga eigne julakort, og litt sjokolade.

Eg blei jo kjempeglad, syns det var kjempe koselig. Det tok ikkje så lang tid før eg gikk til verks og laga julakort.
 

Tada! Sånn blei dei sjåande ut:

Hadde litt pynt til overs, så kan kanskje laga fleire neste år. Syns absolutt det var fint å kunne laga kort sjølv, så kan eg jo bare håpa at dei som får dei syns det er fint og, hehe.

mandag 1. oktober 2012

Apotekerdisken.

Når eg endelig flytta for meg sjølv, for omtrent to år sidan, måtte eg kvitte meg med ein god del møblar. Det meste av det som blei med på flyttelasset blei bytta ut i løpet av det fyrste året mitt her. Eg var blitt ganske lei trekvitt så eg var glad for litt forandring.
Det einaste trekvite møbelet eg nekta å kvitte meg med var ein apotekerdisk eg alltid har likt og som eg følte passa behova mine.
Einaste "før" bildet eg kunne finne.
Elsker alle småskuffene på øverste rad, det gjer det så mykje enklare å holde orden på ting.
Sidan apotekerdisken ikkje passa inn med dei nye møblane så bestemte eg meg i fjor høst for å male den. Flytta den og vekk frå vindauget til veggen som hadde blitt ledig, det var ein mykje betre plass for den.
P.g.a. sjukdommen så gikk det sakte for seg i starten, men eg var fast bestemt på å få det ferdig. Eg byrja med å ha på to strøk med kvist lakk.
Forsiktig start.
Kom på det kanskje var ein god ide å fjerne håndtaka medan eg mala.
Fyrste strøk med kvist lakk ferdig.
Det andre strøket fekk eg tatt på ein ganske god dag. Då slo eg bare musikken på for full guffe og malte. Var ganske sleten dagen etter, men når eg såg kor fint det var blitt så langt var eg stolt over innsatsen.
Andre strøk.
Og så for prikken over i'en. Venninna mi, Livi, hadde redda eit speil som venninna hennar hadde tenkt å kaste. Livi fann ikkje noko bruk for det heime hos seg, så eg tok med glede imot det og fekk hengt det over disken.
Tenk at dette nydelige speilet kunne endt opp på søpla!
Med speilet på plass over disken og to strøk på plass syns eg allereie at det såg nydelig ut.
Sånn såg det ut etter min innsats var ferdig.
Det siste strøket med maling tok far min seg av medan eg var i England ein tur. Det var høyglans kvit og resultatet blei flott. Som du kanskje ser på bilda over så hadde eg heilt gløymt å male beina, men det tok far min seg og av.
Eg tok visst aldri eit bilde av det heilt ferdige resultatet, så då får dåke sjå eit bilde av korleis det ser ut i dag, nesten 1 år etter.
Slutt resultatet.
Det har skjedd mykje her det siste året, panel på veggane og nytt golv, men det får vi ta i eit anna innlegg.
Når vi hengte speilet opp igjen så valgte eg å snu det, følte det passa betre. På apotekerdisken har eg litt forskjellig pynt, og så har eg ein del fine løperar på rotering som gir ein piff av farge. Eg er isåfall veldig fornøyd med resultatet.