tirsdag 25. september 2012

Høsten er her.

Høsten herjer for fullt ute om dagen. Slusene har åpna seg og dei to siste dagane har det vert mykje regn. Då er det godt å kunne krype under teppet på sofaen med ein god film og bare slappe av.
Eg er veldig glad i lykter og fine lysestakar, så når det er sånt vær ute og det mørknar på kvelden, så skapar eg koselig stemning med å tenne lys.

Denne handla eg på Black Design på Vågsbygd senter. Dei hadde ope ein kveld i august for dei som følgjer dei på Facebook, og då fekk eg snappa med meg denne til kraftig redusert pris. Svært glad for det.
Denne kjøpte eg på Nille kort tid etter eg hadde flytta inn i leiligheta mi. Eg fallt bare for den når eg såg den i butikken. Skulle jo ha handla to så eg kunne hatt ein i kvar av dei store stove vindauga, men når eg gikk tilbake så var dei tomme. Hehe, eg har ein tendens til å kjøpe den siste i butikken.
Denne handla mamma til meg på Lille Ineriørbutikk på Vågsbygd senter. Elsker den. Hadde sett ei liknande lykt hos ei venninne på vestlandet og slutta ikkje å snakka om den, så då hadde jo mor mi ein perfekt gave ide. Eg likar så godt korleis lysa frå vindauga slår ut på veggen, utrulig fin effekt.
Enda ei gåve frå mor mi. Denne kom ho heim med frå Polen. Vanligvis er eg ikkje så glad i englar, men likte stilen på denne veldig godt, og måten lys og skygge fremhever anskitet på engelen. Ser det desverre ikkje så godt på bildet. Den er håndlaga og eg er veldig glad i den. Liker lykter og lysestakar som gir litt effekt.
Sånn gjer eg det litt triveligare heime hos meg om dagane. No skal eg nyte ein stor kopp med varm sjokolade og sjå på TV.


Ha ein fin kveld alle sammen!

søndag 23. september 2012

Banan brød muffins

Etter eg blei heimeverande pga av ME så har eg funnet glede i å kunne bake. Eg sunes det er kjekt å finne nye oppskrifter på nett eller i blad. Denne gangen hadde eg nokre bananer som hadde blitt liggande litt, og sidan det ikkje var så lenge sidan eg hadde laga banan brød så gikk eg på nettet og leita etter noko nytt. Etter ei stund så fann eg ei oppskrift på banan muffins, og tenkte at eg ville dele oppskrifta her. Det er eit fint alternativ til banan brød, og kan fint bli med i lunch boksen.

200 g sukker.
1 egg.
250 g mjøl.
3 g salt.
120 ml mat olje.
3 godt modne bananer, most.
30 g hakka valnøtter.
5 g bakepulver.

Varm ovnen til 175 C. Fordel muffins former på steikebrett eller smør eller spray muffins brett.
Mix sukker, oilje, og egget til det er kremete og lett gul. Ha oppi moste bananer og valnøtter. Ha så oppi kveitemjøl, bakepulver og salt. Bland til det er jevnt. Ha røra oppi muffins formene.


Ha midt i ovnen for 30-40 minutt. Når du kan ha tannpirker i midten av muffinsen uten at det henger igjen deig så er dei ferdige.


No forandra eg litt på oppskrifta når eg laga dei, eg halverte sukkerinnholdet sidan eg ikkje er så glad i veldig søte ting. Eg bytta og ut valnøttene (sidan eg ikkje hadde det i hus,) med sjokoladebitar. Det funka veldig godt. Eg vil tru det kan gå an å bytte ut valnøttene med det meste, på sida eg fann oppskrifta foreslo dei å bytte eller blande valnøttene med kokos, må kanksje prøve det neste gong eg lagar dei. Alltid spennande å leike litt med oppskrifta.

fredag 21. september 2012

Tenkte eg skulle prøve blogging.

I fyrste omgang så blir det nok om interiør, baking og livet med ME, muligens det vokser litt utover det.
Skriftspråket blir nok mest dialekt basert, er fullt klar over at eg blandar nynorsk og bokmål, men sånn er det når ein flytter frå det eine til det andre.
Føler eg burde skrive noko skikkelig sidan det er fyrste innlegget, men veit ikkje heilt kva det skal være.
Høsten har kommet for fullt, tøfflane og varmeovnen er på plass og eg har mykje god te i skapet som skal nytast i dei kalde månedane fram til sola byrjar å varme oss opp igjen. Vi får sjå kva det blir av denne bloggen fram til det, blir spennande for min egen del å sjå om eg får dette til.
Så då vil eg bare ønske alle ein fin høst!