søndag 31. mars 2013

Bursdagsfeiring.

Endelig oppegåande igjen etter forkjølelsen, så då får eg skrive litt om bursdagsfeiringa eg hadde sist helg. Eg stod jo på som eg alltid gjer, laga mat og pynta, fekk litt hjelp av mor mi med maten. Kvelden før så laga eg serviett-pompongar for å pynte bordet med. Lørdagen gikk i forberedelsar.
Bordet blei ferdig pynta i god tid før gjestene skulle komma.


God plass til alle sammen.




Mor mi laga pizza og eg stellte i stand med taco. Eg hadde laga kjeks dagen før, og så laga eg muffins. I tillegg til det så var det ein heil haug med smågodt og chips. Det er ikkje skikkelig Eva-fest uten alt for mykje mat, hehe.




Det var ein veldig koselig kveld i godt selskap, mykje prat og god mat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar