tirsdag 5. februar 2013

En manns skrap, er en annen manns skatt!

Då eg besøkte venninna mi, Diana, i sommar var vi innom den lokale søppeldynga. Høyres kanskje ikkje så trivelig ut, men der har dei eit rom der folk kan sette frå seg brukbare ting. Alt frå telysholderar, til møblar, til bøker, som folk kanskje er lei av sjølv, men føler at andre kan ha glede av.
Då eg var komen heim igjen kom eg til å tenke at dei har jo liknande opplegg her og, så eg satt meg i bilen og kjørte til Mjåvann. Der hadde dei eit rom ja, det var ganske ribba, er visst mange som har hatt denne ideen. Allikevel så fann eg tre fine blomsterpotter som eg fekk raska med meg. Ganske fornøgd med funnet.
Dei tre blomsterpottene eg fann på Mjåvann.
Eg kjem nok til å stikke oppom igjen ein gong og sjå om det er noko anna artig å finne der.
Ei av pottene i bruk.
Forøvrig så har venninna mi og ein blogg, ho fokuserer mest på interiør, mange gode ideear å finne hos henne, så det er verdt å stikke innom My Dream.

2 kommentarer:

  1. åh, takk for gode ord ;)

    Kult m gjenbruk... eg har og hatt meg eit raid no... ler...

    Klems klems...

    SvarSlett
  2. Bare hyggelig kjære du. :)
    Burde tatt meg ein ny tur snart, sjå om det er noko spennande å finna. :)
    Klem.

    SvarSlett