Det har vert to lange dagar, men mor mi og eg er no hos tanta mi i Hamburg. Tenkte eg skulle fortelle litt om dei to siste dagane.
TUREN NED:
I går stod vi tidlig opp og kom oss ombord i båten til Hirtshals.
 |
Super Speed. |
Vi hadde bestillt bord i restauranten til frukost buffet og såg fram til å nyte mat underveis, men værgudane hadde litt andre planar. Vi fekk i oss ein grei frukost, men vi var ikkje kommet så veldig langt før bølgene slo til, eg fekk skikkelig magesug på dei verste, og byrja raskt å bli sjøsjuk. Vi var raske med å komme oss lengre bak i båten for å sleppe det verste av det. Mor mi slapp heldigvis unna kvalmen, men eg blei sittande på golvet med hovudet på knea nesten heile turen. Heldigvis hadde eg med meg musikk, det hjelper jo alltid å kunne konsentrere seg om noko anna, og heldigvis så blei frukosten verande i magen. Veit ikkje om eg har opplevd så fæle bølger før, men det hjalp absolutt å komme seg lengre bak i båten, ellers hadde det nok gått galt.
Vi kom oss i land i Hirtshals og byrja kjøreturen mot Hamburg.
 |
På vei til Tyskland. |
Kjøreturen gikk veldig greit, eg hadde mekka spilleliste med musikk og vi veksla på kjøringa. Vi kjørte frå den fæle vinden og fekk nydelig sol det meste av veien. Litt regn blei det på det siste stykket, men kan jo ikkje klage på det når resten av kjøreturen hadde vert så fin.
Vi møtte tanta og fetteren mitt eit lite stykke utanfor Hamburg, på eit rasteplass.
 |
Bra med rasteplassar for trailer sjåførane. |
Fetteren min overtok rattet og fekk oss fram til målet sidan mor mi var litt nervøs for å kjøre inn i byen.
Tanta mi serverte god mat og vi blei sittande å snakke utpå kvelden. veldig godt å være framme, og det er jo alltid koselig å sjå familien igjen.
FYRSTE DAGEN I HAMBURG:
I dag har vert ein heilt nydelig dag, mykje sol, og temperaturen toppa seg på 21 grader i løpet av dagen. Det var herlig! Eg kunne bare la jakka bli liggande i bilen og nyte det fine været.