fredag 12. oktober 2012

Presskanne.

Blir eit veldig enkelt innlegg i dag sidan eg sliter litt med ME'en for tida, mykje trøtt om dagane.

Ein veit ein har mykje i kjøkkenskapa når ein plutselig oppdagar at ein har ei fin presskanne med 4 koppar til. Nylig hadde eg jo gått å lurt litt på om eg måtte kjøpe ei, haha. Eg drikker ikkje kaffi sjølv, men det er jo greit å kunne by gjester på noko anna enn te, er jo ikkje alle som er glad i det heller.
Fekk denne nydelige presskanna og koppar jula 2005.

Der var det visst ei presskanne i skapet.
Vanligvis er kanna gøymt bak ein heil haug med te, så det er kanskje ikkje så rart at den blei gløymt litt vekk. Eg fekk den til jul for ein del år sidan av nokre familie venner, dei har alltid vert flinke til å gi meg ting med tanke på egen bolig. Når eg flytta inn i leiligheta fekk det jo sin plass i skapet, men sidan eg ikkje har så mange kaffi drikkerar på besøk har den ikkje blitt brukt, men det skal det bli forandring på. Kan jo ikkje la noko så fint stå ubrukt i skapet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar