Etter eg blei heimeverande pga av ME så har eg funnet glede i å kunne bake. Eg sunes det er kjekt å finne nye oppskrifter på nett eller i blad. Denne gangen hadde eg nokre bananer som hadde blitt liggande litt, og sidan det ikkje var så lenge sidan eg hadde laga banan brød så gikk eg på nettet og leita etter noko nytt. Etter ei stund så fann eg ei oppskrift på banan muffins, og tenkte at eg ville dele oppskrifta her. Det er eit fint alternativ til banan brød, og kan fint bli med i lunch boksen.
200 g sukker.
1 egg.
250 g mjøl.
3 g salt.
120 ml mat olje.
3 godt modne bananer, most.
30 g hakka valnøtter.
5 g bakepulver.
Varm ovnen til 175 C. Fordel muffins former på steikebrett eller smør eller spray muffins brett.
Mix sukker, oilje, og egget til det er kremete og lett gul. Ha oppi moste bananer og valnøtter. Ha så oppi kveitemjøl, bakepulver og salt. Bland til det er jevnt. Ha røra oppi muffins formene.
Ha midt i ovnen for 30-40 minutt. Når du kan ha tannpirker i midten av muffinsen uten at det henger igjen deig så er dei ferdige.
No forandra eg litt på oppskrifta når eg laga dei, eg halverte sukkerinnholdet sidan eg ikkje er så glad i veldig søte ting. Eg bytta og ut valnøttene (sidan eg ikkje hadde det i hus,) med sjokoladebitar. Det funka veldig godt. Eg vil tru det kan gå an å bytte ut valnøttene med det meste, på sida eg fann oppskrifta foreslo dei å bytte eller blande valnøttene med kokos, må kanksje prøve det neste gong eg lagar dei. Alltid spennande å leike litt med oppskrifta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar