fredag 8. februar 2013

Våren er vakker for den som lenge har hatt vinter.

Det har vert ein del snø her på sørlandet den sista tida, og meir skal det bli. I dag kom sola fram og gjorde det litt meir triveligare til tross for kulda.


Eg må innrømme at eg er ganske lei av snø og vinter no, kunne godt tenkt meg ein tur til ein plass med sol og varme. Desverre er ikkje det så aktuelt no, og sidan eg ikkje kan gjere noko med været, så bestemte eg meg for å heller skape litt vår inne i leiligheta.



Lilla er visst interiør fargen i år, og det passar jo meg perfekt sidan eg er veldig glad i lilla. Mykje av pynten eg har er lilla eller blått.






Eg måtte få inn litt sommarfuglar og, kanskje litt tidlig ute, men eg føler det var med å skape litt stemning. No kan eg kosa meg med vår inne fram til det blir vår ute.
Sånn ser det altså ut hos meg om dagen, er det nokon andre som har fått våren inn i heimen?

tirsdag 5. februar 2013

En manns skrap, er en annen manns skatt!

Då eg besøkte venninna mi, Diana, i sommar var vi innom den lokale søppeldynga. Høyres kanskje ikkje så trivelig ut, men der har dei eit rom der folk kan sette frå seg brukbare ting. Alt frå telysholderar, til møblar, til bøker, som folk kanskje er lei av sjølv, men føler at andre kan ha glede av.
Då eg var komen heim igjen kom eg til å tenke at dei har jo liknande opplegg her og, så eg satt meg i bilen og kjørte til Mjåvann. Der hadde dei eit rom ja, det var ganske ribba, er visst mange som har hatt denne ideen. Allikevel så fann eg tre fine blomsterpotter som eg fekk raska med meg. Ganske fornøgd med funnet.
Dei tre blomsterpottene eg fann på Mjåvann.
Eg kjem nok til å stikke oppom igjen ein gong og sjå om det er noko anna artig å finne der.
Ei av pottene i bruk.
Forøvrig så har venninna mi og ein blogg, ho fokuserer mest på interiør, mange gode ideear å finne hos henne, så det er verdt å stikke innom My Dream.

onsdag 30. januar 2013

Nye skåler.

Hadde ein liten tur ut på Vågsbygd senter i dag. Dei som er glad i orange og brunt burde stikke innom Black Design, dei har salg på ein del ting.
Sjølv endte eg opp med å handla på Nille, dei har ein del fine skåler for tida, så eg endte opp med to små. Dei var på sag, så då fekk eg to for prisen av ein, yay, vi like salg.


Likar mønsteret så godt, dei har koppar og mugger og litt andre skåler og med det mønsteret på og. Skulle gjerne hatt alt, men det minkar på plass i skapa, hehe.

lørdag 26. januar 2013

Visning #1

Eg hadde visning på leiligheta på onsdag kveld. Desverre var det ingen som kom, så eg må nok ha ny visning. Medan visninga holdt på hos meg så var eg å såg på noko nytt, der var det ingen andre, så tanken slo meg at det kanskje kunne være tomt på mi visning. Det var jo så klart veldig skuffande å komme heim til den beskjeden frå meklaren, spesielt sidan han var så overbevist om at leiligheta ville bli solgt rimelig raskt.
Etter skuffelsen hadde lagt seg litt så gikk det jo opp for meg at det er tross alt januar, ikkje den beste tida for salg av eiendom. Eg har jo heller ikkje noko hastverk med å flytta ut, egentlig så vil eg jo gjerne blir her til over påsken i det minste. Oppdraget varer jo i 6 mnd, er mykje som kan skje på den tida. No vil eg bare ta det heilt med ro og la den ligge på Finn litt før eg evt har ny visning ein gong ut i februar. Eg velger å sjå på det positive, no kan eg kosa meg i den fine leiligheta mi ei stund til. :)

Her har det snødd heile dagen og ser ikkje ut som det vil stoppe med det fyrste. Får sjå om eg klarar å komme meg ut på venninne besøk i kveld eller om eg blir snødd inne. Hehe, eg velger å håpe på det beste.

tirsdag 22. januar 2013

Vis oss din TV

Eg slenger meg inn i NIB si utfordring om å vise fram min TV. Her hos meg er TV'n ein stor del av kvardagen, elskar film, så då eg flytta inn i leigheta for litt over 2 år sidan måtte eg ha ei skikkelig TV-løysning. Etter ein god lang runde på IKEA så endte eg opp med ein TV-benk og overskap i samme stil, hugsar desverre ikkje kva modellen heiter. Valgte og fine kvite dørar for å gi litt kontrast.


Denne kombinasjonen har funka fint for mitt behov, det har plass til alle duppedittane mine, så då kan eg jo ikkje klaga. :-)

mandag 21. januar 2013

Leiligheta mi.

Her går det i forberedelsar til visninga for tida, rydding og stelling. Heldigvis ikkje så mykje sidan det meste blei gjort før fotografen kom. Ville dela bilda som fotografen tok til prospektet, eg syns dei blei veldig fine.

søndag 20. januar 2013

Jakten etter noko nytt.

Eg får vel legge korta på bordet og sei grunnen til at eg har skrevet så mykje om oppussinga av leiligheta i dei siste innlegga. På mandag hadde eg besøk av meklar, og no ligg leiligheta mi ute for salg. Visninga er på onsdag.
Det er ganske nervepirrande, på eine sida føler eg meg litt gal som selger no som eg har fått det så fint her, men det er jo mennesklig natur og alltid jakte på noko betre. Det er litt p.g.a. helsa og at eg har valgt å selge, har absolutt behov for carport/garasje på vinteren, så eg håpar eg kan finne noko som i det minste har det. Viss det tar for lang tid før eg finn noko så får eg flytte inn hos foreldra mine, men fyrst må eg jo få selga det eg har.
Wish me luck. ;-)