torsdag 28. mars 2013

Bursdag

Eg blei slått ut av forkjølelse igjen denne veka, men det var heldigvis etter bursdagsfesten eg hadde på lørdag.Vil skrive meir om den seinare. Tirsdag var sjølve dagen, eg hadde flytta ned til foreldra mine kvelden før sidan eg ikkje var i form, og det var jo koselig å våkne til frukost og pakkar på senga.
Av foreldra mine fekk eg ein kjempefin symaskin, har gått å sett på det kjempe lenge no. Eg blei sittande ei god stund på morgonen å finne ut av ting, teste ut sømmar på ei gammal fille, hehe.

Det blei ei rolig feiring på ettermiddagen, men god marsipankake.

I går var eg hos ei venninne, ho gav med litt stoff, så i dag leika eg meg litt med maskina og laga ein liten pose til mobilen. Greit å ha når mobilen skal ligge i veska.

Er gøy å prøve seg litt, får sjå kva andre kreasjonar det blir etterkvart, eg må nok innom Panduro og Stoff & Stil i sørlandsparken å handla litt stoff etter påsken. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar